Det kunne gått gale for hjortane som gjekk på isen andre påskedag.

I kveldinga sist måndag kom Arnt Helland og familien køyrande på Hellandsvegen. Inst i Gåsakjeldo som er ein liten arm av Storavatnet, oppdaga dei fire hjortar. Desse var travelt opptekne med å eta gras som stakk opp gjennom isen og dei brydde seg ikkje om trafikken. Arnt fekk såleis tid til å stoppe bilen og fotografere. Mest truleg har hjortane halde seg nær land der graset var, og seinare teke vegen opp i skogen utan å krysse isen. Etterpå var det kort veg til innmark på Helland. Det er nærliggande å tru at isen var utrygg lenger ut i Gåsakjeldo når ein ser på eitt av bileta som Arnt tok. Dette blir stadfesta av eit bilete som vart teke fire dagar seinare. Der ser me ei stor råk og isen har losna frå land mange stader.

Vår informant, Arnt Helland, fortel om stor hjortebestand dei siste åra. I fjor vart det ein sein kveld sett 16 hjortar som beita på ei myr ikkje langt frå Arnt sin heim. Hjorten har gode levekår når han ferdast på innmark, og dit søkjer han oftare etter kvart som utmarka gror att. Det vart ei lettvinn jakt sist haust då Arnt skaut ein hjort berre 50 meter frå bustaden sin.

Hjorten er meir nærgåande no. Det skuldast at hjorteviltet går på sparebluss om vinteren for ikkje å bruke meir energi enn nødvendig. Dessutan prøver det å få tak i mat der det er enklast. Store snømengder har ikkje vore noko hinder denne vinteren, men langvarig frost skaper problem. Det finst ikkje grønt gras nokon stad, bortsett frå det vesle som stakk opp gjennom isen. Mest vanleg hjorteføde vinterstid er knoppar, kvistar og bork på lauvtre.