Ti NTNU-studentar frå heile landet har for tida sommarjobb i Wärtsilä si skipsavdeling på Fitjar. Ein praksis med svært høg læringsfaktor.

Fitjarposten plukka ut tre av studentane: Astrid Nybø (Os), Anders Rohde (Snåsa) og Ole Martin Djupvik (Stord). 

Astrid har to år bak seg på energilinja i Bergen, Anders og Ole Martin har gått tre år på maritim linje i Trondheim.

Og det er litt av ei utfordring dei, saman med dei andre, får under dei seks vekene dei skal bu og jobbe i Fitjar. – Mellom anna får dei ansvar for å designe eit nytt, komplett fartøy, opplyser kommunikasjons- og kulturleder Marie Engelsen Launes hos Wärtsilä.

– Ei spennande utfordring?

– Absolutt. Me skal designe eit svært røyrleggings-/konstruksjonsfartøy med stor kran.Eit skip som skulle kunne operere over heile verda om det vart bygt. Det skal ikkje dette.  Likevel: Om det er eit øvingsprosjekt, er det svært realistisk.

– Korleis er det med oppfølginga?

– Tett og god. Det hadde vore håplaust utan. Samstundes får me tenke og prøve ut nye tankar i praksis, og me har lært svært mykje allereie, seier dei tre, etter nokre veker hos bedrifta på Fitjar. 

— Om det tenkjer ein skala frå 1-10, kor vil de då plassere læringsfaktoren i denne praksisen?

– 12,5, smiler dei tre studentane, til slutt, før dei går om bord i Seladon saman med mange andre studentar hos Wärtsilä Shipdesign på Fitjar.

I ettermiddag stod nemleg tur med Fitjar si stolte seglskute på programmet, ein noko annleis båt enn det denne gjengen driv og designar på.