Kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland. Her med Hilde Killingrød på Smedholmen. Arkivfoto:Ingrid Hovstad

Fitjar kommune får tilskot til «Temaplan om friluftslivets ferdselsårar 2019-2023».

Kultur- og informasjonssjef i Fitjar, Bente Bjelland kan melda til Fitjarposten at utval for kultur, idrett og regional utvikling(KIRU) i Hordaland fylkeskommune løyver kr 60.000,- i prosjektmidlar.

– Me får midlane til å delta i det nasjonale prosjektet: «Temaplan om friluftslivets ferdselsårar 2019-2023». Dette er eit prosjekt som går over 4 år, som generer nytt tilskot kvart år i prosjektperioden.

Bjelland fortel at planen skal vera eit verkemiddel som skal identifisera, ivareta og utvikla stiar, tur, løyper og leier som er viktige for vår utøving av friluftsliv.

– Ved å få ein oversikt og kunnskap om ferdselsårene kan ein enklare ivareta infrastruktur som er viktig for folkehelse, trivsel, livskvalitet, bulyst og kjensla av å høyra til.

– Det målretta systematiske arbeidet kan gje betre tilbod til innbyggjarane, og dannar grunnlag for å søkja om midlar, som spelemidlar for å betra eller skapa nye tilbod i kommunen , fortel Bjelland.

Den kulturelle spaserstokken

Kultur- og informasjonssjefen kan elles melda enno ein glad nyheit til Fitjarposten:

-KIRU løyver ogso kr 30.000,- til kommunen i tilskot til den kulturelle spaserstokken, melder Bjelland.

- Annonse -