Fitjar kommune får 200.000 kroner til å dekka utgifter i samband med koronautbrotet.

Fylkesmannen har fått 23,7 millionar kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å fordela ut på kommmunane i Vestland fylke. Midlane skal gå til kommunar som har hatt større meirutgifter i samband med utbrotet, og formålet er m.a. å dekkje uføresette hendingar i kommunane.

– Fylkesmannen har valt å fordele midlane etter folketal med eit minimumsbeløp for kvar kommune på kr 200 000. Ved eit slikt minimumsbeløp, tek ein m.a. omsyn til mindre kommunar som har større utgifter i akuttfasen, skriv dei i brevet som har gått ut til kommunane.