Fitjarbuen Anna Torland får vere med på å dekke handball-EM i desember for EHF.

Anna fortel til fitjarposten.no at Europas handballforbund EHF) søkte etter åtte personer som kunne vere med i deira «Young reporter», og at ho sende inn ein søknad.

– Eg jobba mykje med søknaden, for dette var ein mulegheit eg ikkje kunne la gå i frå meg. Nokre dagar etter at eg sendte søknaden, fekk eg positivt svar, jublar Anna. Rundt 70 hadde søkt, og Anna vart ein av dei åtte heldige som skal få vere med til Ungarn for å dekke EM.

Førebuing i Austerrike
I slutten av november vert dei åtte sendt til Austerrike for for førebuing, og for at dei skal få litt opplæring i kva som kjem til å skje.

– Så reiser eg til Ungarn i desember. Det er heilt fantastisk! Oppgåvene me får er å intervjuve spelarane, skrive kamp-rapportar og kome opp med eigne saker under meisterskapen.

Eg har fått vite at eg skal dekke gruppe B i hovudrunden. Der speler Norge, Danmark, Romania og Ukraina. Når hovudrunden er ferdig, flyr dei oss til Budapest for å dekke finalane. Eg gleder meg stort. Dette kjem til å bli ei oppleving for livet, strålar Anna til slutt.