Sigurd Andre Maraas. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar kommune har fått 1,4 millionar i ekstra tilskot i frå staten, og fungerande ordførar Sigurd Andre Maraas (FrP) vedtok i dag kva pengane skal nyttast til.

Som koronatiltak har staten lagt inn ein tilskotspakke til kommunane i revidert nasjonalbudsjett 2020. Tilskotet skal nyttast til vedlikehald, rehabilitering og oppgradering av kommunal infrastruktur.

– Midlane skal nyttast på kommunale bygningar og/eller kommunale vegar, og kommunane får ikkje nytta dei på sine eigne etatar eller føretak. Dermed må ein kjøpa inn tenester frå andre, og får stimulert næringslivet. Me veit jo at mange verksemder slit grunna korona-situasjonen, og ein håper denne tiltakspakken kan hjelpa, fortel assisterande rådmann Svein Dale Soleng.

Formannskapet i Fitjar vedtok allereie i april ei liste over kva ei eventuell tiltakspakke frå staten kunne nyttast til.

– Me i administrasjonen har gått gjennom lista frå april, og tatt vekk større prosjekt, prosjekt som gjekk på innkjøp og prosjekt ein treng konsulentbistand til. I framlegget til prioriteringsliste frå administrasjonen har me prioritert tiltak som vil gje betre helse, miljø og tryggleik for tilsette og/eller elevar i kommunen, fortel Dale Soleng.

Målet er å få gjort alt

Sigurd Andre Maraas vedtok framlegget frå administrasjonen slik det låg føre, og dermed skal midlane i prioritert rekkefølgje gå til desse tiltaka:

  1. Skifte takpanner på eldste fløyen av Havnahuset
  2. Ny plater på leskur, gymsal Rimbareid
  3. Utskifting av vinduer og dør, Øvrebygda skule
  4. Nytt golvbelegg, Fitjar bu- og behandlingssenter
  5. Automatisk døropnar, Havnahuset
  6. Hogst av trær som står i fare for å falla ned langs kommunale vegar
  7. Grøfterensk langs kommunal veg over Vikaleitet
  8. Skilting av kommunale vegar

– Prisane er estimert, men målet er å få gjennomført alt. Det er utruleg kjekt å få gjera eit slikt vedtak under sommarfullmakta, men folk må ikkje tru at eg gjer dette utan Harald Rydland i ryggen. Me har sjølvsagt samarbeida om dette, men eg får vedta prioriteringslista i dag slik at tiltaka kjem i gong so snart som råd.

Lokale aktørar må vera klare

Maraas meiner midlane frå staten kjem godt med, og at tiltaka vil gagna Fitjarbuen. Den fungerande ordføraren håpar ogso det vil gagna det lokale næringslivet.

– No må det lokale næringslivet vera klar til anbodsrundane startar. Her kan både enkeltmannsføretak og større verksemder hiva seg med. Eg er optimist på deira vegne, og håpar dei når opp og vinn anboda, seier Maraas.

At midlane skulle styrka det lokale næringslivet var ogso eit håp i frå administrasjonen.

– I framlegget, som Maraas nettopp vedtok, hadde me bevist valt ut prosjekt me trur lokale verksemder kan vera med å kjempa om i anbodsrundane, avsluttar ass.rådmann Dale Soleng.

Vedtakslista med estimerte kostnadar