Måndag 29.04.2013 vil 6. og 7.klassane i Fitjar få besøk av barnebokforfattar Marit Moen Holsve. Ho skriv fantasyromanar for ungdom og har fått god mottaking.

Det er Fitjar folkebibliotek og den kulturelle skulesekken som har invitert forfattaren til Fitjar, for å inspirere barneskuleelevane til lesing.

Marit kjem til å fortelje om forfattarskapet sitt og lese frå bøkene sine. Tysdag 30.04 skal ho vidare til Bømlo.

Marit Moen Holsve, født 20.oktober 1986, frå Oslo, debuterte i 2006 berre 19 år gamal.