Fitjar folkebibliotek har den siste tida hatt utstilling av Fantasylitteratur.

Utstillinga har mellom anna vore besøkt av fleire skuleklassarfrå ungdomsskulen, og mindre born har synest det har vore artig å leika litt med figurane, seier Elin Siglen ved Fitjar folkebibliotek til Fitjarposten.

Fantasy, er ei ein type litteratur som har blitt meir og meir populær dei siste åra, særleg blant ungdom. Ein litteratur som gjerne kan kallast  ein moderne form for eventyr, med utrolege heltar, reiser og magiske element. Mellom dei mest kjende verka innan denne sjangaren, finn me bøker som "Ringenes Herre","Narnia" og "Harry Potter".