Me har fått med oss mange flotte framføringar av julemusikk i Fitjar tidlegare i år. Praise Him si framføring på «Me syng jula inn» i ettermiddag toppar dei alle.

 Ikkje minst gjeld det deira framføringa av «Oh Come all Ye Faitful». Utruleg flott song og ditto arrangement som minner om framføringane til verdkjende The Isaacs. Ei framføring på internasjonalt nivå. Så har då òg Praise Him delteke i internasjonal samanheng. No er det på tide dei blir oppdaga her heime.

Elles var det fleire musikalske høgdepunkt i kveld. Ikkje minst Marie Oma si flotte og spesielle versjon av O, Helga natt, flott akkompagnert av Guro Rimmereid. Svært bra var óg samspelet mellom mor og dotter, Lovise og Olga Vestbøstad, i klassikaren «Fader vår kom oss i møte». 

Videre var det flott husorkester, familiekor, solosang av Ole Andrè Stokken og tradisjonsrik song av Fitjar Musikkforening.

Rune Kvlhaugsvik leia det heile og viste korleis lyset frå Gud tenner oss og let oss tenne andre. Marianne Aarbø hadde ein fin appell med undring over at Gud verkeleg kom for å ta bustad hos. -Han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han. Korleis er det med deg og meg? Har me teke imot han som meir enn ein gjest i jula?, spurde ho.

Eli Vestbøstad sette òg denne gongen det heile i rett ramme då ho las Juleevangeliet frå Lukas 2: 1-20.

Eit fullsett Fitjar bedehus fekk med seg det heile.