Opptur-opplegget der 8. klassingar frå heile landet gjekk til fjells sist onsdag, var eit utruleg bra opplegg, der både elevane og turlagsfolket imponerte.

Fitjarelevane var mellom dei som gjekk til  Stordfjellet, med parkeringsplassen ved "Fjellstova" som utgangspunkt. Stord og Fitjar Turlag stilte manns- og kvinnesterke i gule oppturskjorter, og dei sørgde både for sprekingar som gjekk foran, og andre vande fjellfolk som danna baktropp.

Supert.
For når så mange 8. klassingar skal til fjells, må ein jo rekna med ganske stor tempovariasjon, både blant elevar og lærarar. Det vart det òg, ikkje minst på den lange løypa som gjekk til "Stovegolvet" via Tyseskaret. Men alle fitjarelevane kjempa seg til topps på ein imponerande måte.

Dei skal òg rosast skikkeleg for at dei synte godt naturvet. Baktroppsfolka som skulle plukka opp bos, fekk lite i posane sine.