-Fitjar ad hoc ensemble må ikkje berre vera ei gruppe » for anledningen». Me må få høyre dei titt og ofte. Det er eit folkekrav etter framføringa deira i Fitjar kyrkje i går kveld.

Martin Hatlevik har ein fabelaktig flott stemme, og om dei som var i kyrkja i går ikkje visste det frå før, så veit dei det i alle fall no. Når han så har med seg dyktige musikarar som Ole Christian Ottestad på sax, Steinar Vik på trommer, Heine B. Helland på bass og Harald Rydland på piano, må det berre bli bra. I tillegg sytte Harald, Heine og Ole Christian for super koring.

Sokneprest Olav J. Oma batt det heile saman på ein ledig og flott måte samstundes som han formidla den fantastiske bodskapen om at den som tek imot Jesus med ope sinn som eit barn, har himmelsk glede i vente.

Tryggleiken som den kristne trua gjev prega òg songutvalet. Utruleg vakkert og oppbyggjeleg. Åndeleg føde på sitt beste, og utruleg delikat tillaga.

Perlene kom på rekkje og rad. Frå «O Jesus du som fyller alt i alle» via «Doggdråpen» til svingande gospel som i «Put your hand», «Just a closer walk» og «Barnatro». Og då har me ikkje nemnt «In my Fathers house» der Ole Christian Ottestad imponerte med solid bassvokal.

Alt i alt ei stor og god oppleving. Me gled oss til neste gong.

Men namnet må dei endra….