Ordet fantastisk var mykje brukt då vi vitja speidarleiren i Breivik i ettermiddag. Både leirsjef og forsyningssjef var strålande nøgd og hadde berre godord å seie om den lokale tilrettelegginga.

-Ja, det har gått veldig bra. Kjempebra tilrettelegging og masse hjelp frå kommunen, for å ikkje snakka om den utrulege innsatsen til Einar Breivik og Odd Sverre Larsen, seier leirsjef for "Speiding i 100" Ragnar Pettersen", som svært gjerne ser at det blir lagt ein ny storleir til Fitjar ein gong i framtida.

Forsyningssjef Bjørn Helland synest òg at det har svært bra. Og om nokon trudde at middagen på leiren består av boksemat eller pølsegrilling, får dei tru om igjen. Under leiren har speidarane kunne kost seg med kyllingwok, laks, spagetti og lapskaus, og alt matopplegget har vore lagt opp slik at ein frå kvar tropp har henta mat til sine folk,  etter at depotfolka har laga klart det den einskilde troppen skal ha.

Smart!
Slik unngår ein matkøar.

-Eg må berre få lov til å seie at ein stor del av takken for at dette har gått så bra, skal Odd Sverre Larsen  ha. Han har vore tilgjengeleg og stått på for oss i tide og utide, skryt Bjørn Helland.

Skader har det heldigvis ikkje vore mykje av. Nokre brotskader og kutt har det rett nok blitt, men ikkje noko alvorleg. Derimot har det vore svært mykje flått å ta seg av, men det har no gått bra det òg, fortel gjengen i førstehjelpsteltet.

"Speiding i hundre" har òg sin eigen leiravis "100-lappen" som kjem ut kvar morgon, er på 8 A-5 sider, og inneheld både artig og aktuelt stoff om leiren og leirdeltakarane.
-Gøy, men hardt arbeid, seier redaksjonen som fortel om 16-timars arbeidsdag!

anabole