Elisabeth Rimbereid og Erna Isdahl er fulle av lovord etter markeringa av eldredagen på Fitjar vgs i dag.

Dei to damene strålar og skryt over det meste: Over prost Svein Arne Theodorsen som heldt ein fengjande festtale som handla om hummarfiske og industri og som samstundes utfordra dei eldre til å leve eit aktivt liv; vidare over Eli Simonsen som las «vidunderlege vers» og over Ellen Karoline Hovstad som leia det heile. – Ho er ei dame med eit stort hjarte, seier dei.

Og dei hadde meir å vere fornøgd over: Ikkje minst musikken, maten – og over at ordførar Wenche Tislevoll òg tok del.

– Alt i alt ein veldig fin fest, oppsummerer dei to svært fornøgde damene.