Handballgruppa i Fitjar Idrettslag har hatt ei travel helg med avvikling av årets Hafo cup, både for ungdomsskulen og barneskulane i bygda.

Fredag ettermiddag blei det spela kampar heilt frå tidleg på ettermiddagen. Laga frå ungdomsskulen blei delte inn i to puljer, og det blei spela 12 puljekampar før semifinalistane var klare. Og finalen var ikkje ferdig før det nærma seg midnatt.

Her gjekk ein triveleg gjeng frå 10. klasse av med sigeren etter suverent spel. Igjen la me merke til at det er ein stor fordel å vera god i handball. Vanlegvis blir det scora meir mål i handballkampar, omgangen med handball oftast gir større utslag.

Som kjent blir kampane i Haco cup avvikla med ein omgang fotball først, og deretter ein omgang med handball. Ingen lag kan vinna kampar åleine, men det gav eit stort utslag å han ein god fotballkeeper i Elias Westerheim, som attpåtil var ein god handballspelar.

Sjølv om enkeltspelarar sjølvsagt merkte seg ut i kampane, var det like stor idrettsglede å spora blant både alle deltakarane på dei ulike klassestega, og ikkje minst på sidelinja, der fleire svært ungdommelege lagleiarar heia fram sine gutar og jenter.

I pausen før den store finalen fekk me eit innsag frå MOT, ved Marte Belsvik Hansen, Hilde Volden de Fine og Charlotte Ayoe Levåg. Oda Volden de Fine og Emil Sørfonn fekk utmerkinga «Årets inkluderande banespelarar». Og Fair play-prisen gjekk til klasse 8B for godt samarbeid.

Laurdag var det barneskuleelevane sin tur; til saman seks lag frå Rimbareid og Øvrebygda stilte opp. Vinnar blei klasse 7B ved Rimbareid skule. Fair play-prisen gjekk til klasse 5B.

Liljan V. Waage melder om ei fantastisk kjekk helg med mange flotte ungdommar. Alt gjekk veldig fint i går òg, og handballgruppa ynskjer å takka for all hjelp dei har fått for å få Hafo til å bli ein slik suksess.