Dei fantastiske festkakene og ein spennande smak frå Japan var nokre av høgdepunkta då soknerådet inviterte til kyrkjelyden sin årsfest i ettermiddag.

På tross av ein nydeleg vinterdag ute var godt over 100 stykke samla til fest på bedehuset. Langborda var fint pynta, og det lukta kaffi frå kjøkenet.

«Guds menighet er jordens største under», slik opna soknerådsleiar Anne Britt Tornes kyrkjelydsfesten, og ynskte velkomen ein stor festlyd av unge og eldre.

Praise Him, som består av Elin Sørfonn, Karine Tveit Lillenes, Karin Steinsland Stokken, Randi Eiken Brekke og Kjerstin Handeland Stokken, song to flotte avdelingar. Det er alltid ei gleda å høyra på dei, slik denne dagen og. Dei syng både på norsk og engelsk. For dei som ikkje forstår det siste nyttar dei alltid oversetting av teksten på storskjerm samstundes som dei syng, for at bodskapen skal nå fram til tilhøyrarane. Bodskapen er viktig for dei, og det når verkeleg ut gjennom deira klare song og tydelege tekst utan overdøyvande  musikk til, berre roleg og flott pianospel. Dei har songar med tydeleg bodskap om Jesus som har opna vegen til himmelen for oss. Dei syng og litt akapella og meistrar det fint. Det var ei fryd å høyra dei 5 damestemmen synga: Det blod. Det vart andektig stille etter kvar song, først etter endt avdeling braut applausen ut.

Hausten 2007 tok Nobukazu Imazu , som kallar seg berre Nobu, til som kyrkjelydsprest i Fitjar. Han skulle presentera landet sitt gjennom bilete og ord. Nippon, soloppgangens land. Det vart ei spennande og humoristisk reise. Han seier at det vanlegaste spørsmålet han får er om det er snø i Japan. JA!, seier han, det er snø i Japan. I nord er det kaldt og mykje snø, men variasjonen er stor, for heilt i sør finn ein øyer med flotte strender og subtropisk klima. Mange tenkjer at Japan ligg nærast Kina eller Korea, men det landet som ligg nærast er Russland, og dette landet er det einaste landet som ligg mellom Noreg og Japan. Så me er gode naboar me, Japan og Noreg, seier Nobu.

 Japan er eit land med mange storbyar, og Nobu anbefaler gjerne Kobe som han kjem frå. Men det er og eit land med veldig mykje fjell, og me kan høyra at Nobu er glad i fjella, ikkje dei runde og kjedelege, men dei bratte og spisse. Han er innom den fantastiske kirsebærbløminga, sushi, som ikkje tyder rå fisk, men som han kallar smørbrød/festmat, han fortel om alle automatane Japan har, dei har faktsik fleire ulike automatar enn me har folk i Noreg…

Så treng han ein prøvekanin. Prøvekaninen hans er eigentleg kyrkjeverge Harald Johan Sandvik, men han treng ein vikar, for Harald Johan har sagt at han skulle reisa vekk denne helga, han skulle til Bergen i eksil….. Arvid Refvik stiller sporty opp som vikar, og det han skal prøva er japansk «sjø-gras». Det ser ut som grøne gelatinplater og luktar sjø. Arvid luktar, tar ein stor bete, tygg, lukkar augene og svel og seier: «Jo, da va godt…». Nobu tilbyr han dessert. Arvid er litt skeptisk. Alt skal etast og «plastikken» utanpå.  Det er riskake med mandarinsmak. «Den var god…, veldig god…, den var jo søt den», utbryt Arvid overraska. Seinare får fleire lov å smaka, og desserten er nok mest populær.

Tom Rydland har fått i oppdrag å læra festlyden nokre songar frå Korsvei, og sper på med litt reklame for dette sommarstevnet som er i Telemark annakvar sommar.

Så er kakebordet dekka, og for eit kakebord, her er det verkeleg fest! Unge og eldre strøymer til, nokre har som mål å smaka på alt, men det skal godt gjerast med slike mengder. Det er god «søa» rundt borda, og det er ikkje lett å avbryta ein slik god drøs. På vegen heim får alle med seg Gud si signing, framboren av Praise Him på ein slik måte at det gjekk rett til hjarta på dei som opna opp for det.