Han kom, såg – og fortalde. Temakvelden med NRK-veteran Einar Lunde i Fitjar kyrkje i kveld vart ei heilt spesiell oppleving.

Me kunne nesten nytta det omskrivne Cæsar-sitatet fullt ut og sagt: «Han kom, såg og vann». For me er ikkje i tvil om at Lunde vann forsamlinga. I ein og ein halv time, utan stopp, i nærast åndelaus stille, med sterk understrekande stemmebruk og talande hender, fanga han publikum fullt og heilt med forteljingane sine. 

Han starta med å invitere forsamlinga med på ei reise, og ei reise vart det. Så levande at me mest trur me såg for oss det same Lunde sjølv ser med sine indre auge: Om sider av apartheidregimet me aldri før verken har høyrt eller sett for oss, om Desmond Tutu og Nelson Mandela – og om velsigninga ved forsoning og tilgjeving.

Ein sterk kveld me seint vil gløyme. Heller ikkje korleis Lunde såg den einskilde av dei frammøtte. Såleis har me òg heile ingressen «i behold».

Einar Lunde hadde vidare med seg to bøker som begge er komne ut i 15 opplag. Ikkje såg me anna enn at dei gjekk som varmt kveitebrød i Fitjar kyrkje òg. 

Eli Simonsen leia det heile og takka med bokgave og såpe «for milde og modige menn» frå Fitjar Såpekokeri.

I morgon vert Lunde å høyre i Hagerupshuset på Stord.