Mellom 30 og 40 personar stilte opp til den avsluttande dugnaden. – Kjempeimponerande, seier festivalsjef Roy Tore Torvund, som og gler seg over eit godt økonomisk resultat.

– Eit førebels overslag tyder på at me i alle fall er 130 000 kroner i pluss, seier han.

Mellom dei som stilte på den avsluttande dugnaden var mellom anna 90 år gamle Sverre Torland. Og etter få timar var Sjøsio reinska frå alt som hadde med Fitjar Festivalen å gjera.

– Svært godt jobba, seier me.

I alt var rundt 2000 menneske innom festivalen i år.