Det vart ei kjempesterk avslutning før ferien av motorsportgjengen frå Fitjar. 

VHS Motorsport frå Fitjar tok i helga del i 3. runde i Norgescupen i crosskart, og 3.runde av Vestlandsmesterskapet i Rallycross i Bergen.

Ingve Andre Strand var i Solør ved Solør Motorsport sitt anlegg og kjørte nok ein Norgescuprunde, i crosskart 650 ccm. Han hadde hadde ei hard helg, med sterke konkurrentar, og mykje dårleg vèr.Likevel presterte fitjarbuen å dra i land to 3. plassar i første og andre innleiande heat, og ein 1.plass i siste innledende heat.

Dette kvalifiserte til et 4. startspor i finalen. Her fekk Ingve Andre ein kjempestart, og leia finalen frå start til mål!

Med dette er Ingve Andrè i teten i så langt i Noregscup`en i år.

Arild Vik og Håvard Helland var i Bergen og prøvde seg på 3. runde i VM – Rallycross. Arild hadde på førehand annonsert at målet var å vinne i Bergen, sidan det gjekk så fint i Vikedal sist helg.

Han  opna med siger i 1.,2., og 3. heat, laurdag, og følte at ting stemte. I 4. heat blei han derimot slått av Rudi Røssland fra Bergen, og opplevde at her var det lokale førarar som hadde svært godt drag på denne banen, og som køyrde veldig fort.

Etter å ha grubla over dette delar av natten til søndag, klinka Arild til og slo alle dei 20 andre i sin klasse i 5. og siste innleiande heat, og sikra seg beste starspor i finalen søndag.

I finalen var det forrykende spennende og Arild leia finalen i fleire rundar. Men i runde nr. 3, fikk han kjempeproblem med bremsene, og konkurrentane tok innpå.

Etter 6 runder på banen greide Arild å snike seg inn på ein fin andreplass, og kjempefornøgd med det.

Arild leiar no Vestlandsmeisterskapen i Rallycross klasse 1, med endå større margin enn før!

Håvard Helland viste også gode takter i helga i den største klassen, klasse 2.

Men han var plaga med en girkasse som ikkje ville samarbeide, og måtte sitje å halde på gearspaken under kjøring, for å hindre at den heile tida spratt ut av gear.

Han klarte likevel å kvalifisera seg for A-finalen, og sikra seg ein 5. plass, og nokre gode poeng som kan vere greie å ta med seg vidare etter ferien.

www.vestlandsmesterskapet.no