På plakaten stod han oppført som pianist, men Brad White er så utruleg mykje meir. Det synte han i Fitjar kyrkje i går.

Først song han så me heldt på å dette av stolen. Deretter spelte han piano som me kunne forventa: Utruleg spennande og avansert. Men då han i tillegg henta fram ein saxofon og leverte spel av høg klasse, gav me oss ende over.

No snakkar ein likevel ikkje om «å stela showet» i slike samanhengar. Både White sjølv, og Jan-Tørres Nordstrand som hadde flotte innspel mellom musikkinnslaga, var svært tydelege på at alt var for å opphøye Jesus. Og skal nokon ha ære, er det Han, og Han åleine, som skal ha den.

Så var det òg flott å få høyra foCus Quartet igjen. Dei starta som trioen Nordstrandbrødrene. Seinare har dei fått Terje Haveland med seg på bass, og etter å ha hatt litt forskjellige namn, heiter dei no altså foCus Quartet. Nydeleg å høyra på dei òg. Det er all grunn til å gle seg over at me har ein kvartett i nabokommunen vår som syng så flott sørstatsgospel. Vonar det ikkje vert lenge til at dei igjen tek turen over Selbjørn-en.

Terje Koløen framførte mellom anna ein fin versjon av «Alt for Jesu fot jeg legger» og skal òg ha stor ros for at han var med og la til rette for at denne konserten òg vart framført her på Fitjar.