Snart heime med trøtte føter, men fortsatt ingen sure miner...

165 små og store hadde funne vegen til friluftsgudstenesta ved Svartavatnet kl 12, og mange gjekk etterpå på tur vidare, til Beinatjørnsvarden.

Folk kom strøymande til frå nord og sør, aust og vest. Det er mange vegar, eller rettare sagt stiar ,som fører til Svartavatnet. Dei fleste kom til fots, andre på sykkel, på ein rygg, i ei vogn eller på 4 hjul. Sola skein frå skyfri himmel, og solkrem var vel så viktig som turkle.

Folk samla seg i hallinga rett nedanfor utlaupet til Svartavatnet, og sokneprest Olav Johannes Oma ynskte velkomen til «kyrkje». Vikarorganist Anders Vinge hadde med seg trekkspel, og sørgde for akkompagnement til allsongen, som lydde godt ute i fjellet. Tema for gudstenesta var Johannes 3, 16 som seier: For så elska Gud verda at han gav son sin den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi, før nokre tok same vegen heim som dei kom, medan andre tok omvegen om Beinatjørnsvarden.

Turen til Beinatjørnsvarden var flott. Det var lett å gå i flokk, og mange både små og store nådde toppen og fekk nyta den flotte utsikten over Fitjar og øyane. Og som ekstra bonus trilla det fram flotte fløytetonar som gav ein heilt eigen klang her oppe i fjellheimen. Ungane, som ikkje var redde for å visa at dei var nygjerrige, lette seg fram til fløytespelaren. Han sat gøymd bak ein knaus med fløyta si.

Så var det klart for heimturen. Det gjekk lett nedover, om enn litt blautt, over nokre myrar, innom ein turorienteringspost, forbi eit glas med heimelaga jordbærsyltetøy frå 2008, nedover gjennom brake, og så var me på vegen ved Vassverket igjen, og snart heima.

– Ein fantastisk flott dag!

Snart heime med trøtte føter, men fortsatt ingen sure miner…