Over hundre fann vegen rundt Stokkavatnet saman med Fitjar Idrettslag og ordførar Wenche Tislevoll på 1. mai.

Ordføraren vår skein om kapp med sola etter kvart som folk strøymde til for å vera med og finna fram i skogen rundt Revuretjødno og Stokkavatnet i dag. Ansvarlege i Fitjar Idrettslag stadfestar at rett over 100 personar, med smått og stort, var med på årets «Finn-fram-dag».


Wenche Tislevoll klar til start, samn med Bjørn Helland t.v. og Hilde Kråkenes Engelsen t.h. Foto: Kjetil Rydland.

Turen starta rett ovanfor Sælevik skule, der turstien/traktorvegen mot Svartasmoget startar. På førehand hadde o-gruppa i Fitjar Idrettslag lagt ut 10 postar, og lokalkjende folk i området hadde klipt og merkt stien. Det var såleis ikkje vanskeleg å finna fram og ikkje altfor ille vått i traseen. Men dei som hadde skodd seg godt, kom nok best frå turen.

I tillegg til eit stykke ny sti var me innom det gamle bygdatrakken frå Stokken til Rydlandsmarkjo, der vegen til Svartasmoget tar av frå fv. 545. Ordføraren danna fortropp saman med Annar Westerheim, og sørgde for at turfølgjet fann fram; dei fleste brukte vel rundt halvannan time på turen. På kvar post måtte turfolket svara på eit relativt relativt krevjande spørsmål frå ei av quizbøkene til Magnar Kloster.

Ved Sælevik skule venta resten av arrangementskomiteen, med Rolf-Atle Rolfsnes i spissen. Her blei det skipa ymse aktivitetar, blant anna eit lite sprintløp med tidtaking  ovanfor skulen, og det blei servert pølse og saft til svoltne turfolk.


Ola Fitjar Hjelle og Mette Fitjar når fram i køen og får registrert seg. Foto: Kjetil Rydland.


Ordføraren viste seg lett på foten i det krevjande turterrenget. Foto: Kjetil Rydland.


I spissen for arrangementet frå Fitjar Idrettslag si side, Rolf-Atle Rolfsnes, med kompass til dei yngste deltakarane. Foto: Kjetil Rydland.


Wenche Tislevoll gjekk for rein natur, med T-skjorte frå SIM, Harald Westerheim var blant mannge som sikra seg ny T-skjorte. Foto: Kjetil Rydland.

 Ingressbilete: Anna Fitjar Hjelle med eit vanskeleg spørsmål ute i løypa. Foto: Kjetil Rydland.