Dei to kameratane fekk dratt den døde hunden på land. Foto: Stig Bråtun Leirvik

Stig Bråtun Leirvik frå Dåfjorden fekk saman med ein kamerat halt i land ein død hund som dei fann i sjøen.

– Me såg at det var noko som låg og flaut, rett ute ved flyplassen. Me trudde først det var noko teinar på avvege. Men då me kom nærmare fann me fort ut at det var ein død hund, fortel han.

Kameratane fekk dratt den døde hunden opp på land.

– Me tok og slepte han opp på ei strand så han slapp å ligge ute og reke.

I følgje Leirvik såg det ikkje ut som hunden har vore død lenge.

– Det ser ut som det nettopp har skjedd. Han hadde noko sår oppe på nakken, men det var det einaste. Det var ikkje noko teikn til noko ope kjøttsår eller liknande.

Dersom det er ein hundeeigar som saknar hunden sin, kan den altså hentast i strandkanten ved Prestkonevikjo, etter at ein tek av på vegen til Dåfjorden.

Foto: Stig Bråtun Leirvik