M/F «Fanafjord», som går i rute mellom Sandvikvåg og Halhjem, er teken ut av ruta på grunn av grunnstøyting og skade på ein thruster, melder Fjord1.

Konsekvensen av det var at A-ruta sin avgang frå Halhjem kl 19.30 vart kansellert. Det same skjedde med avgangen frå Sandvikvåg kl. 20.15 i kveld. C-ruta frå Halhjem kl 20.30 vart òg kansellert.

Det som skjedde var at MF «Fanafjord» rende på ein holme på veg inn mot Halhjem i 18-tida i kveld. Ferja kom seg laus for eigen maskin etter nokre minutt, men altså ikkje utan skadar.

«MS «Fanafjord» har hatt en grunnberøring. Politiet har vært på stedet, og det er ikke snakk om promille, alle har blåst grønt, men vi vet at det er tåke i området, sier kommunikasjonsdirektør i Fjord1», Ingrid Færøyvik til bt.no. «Det er for tidlig å si noe om konsekvensene for morgendagens avganger», legg ho til.

Les meir på bt.no.