Sommaren er ei god tid for å samle familiar som ikkje samlast ofte elles. Då gjeld det berre å finne gode påskot til å treffast.

Siste helga i juli traff to av etterkomarane til Tarald og Otalia Gloppen det høveleg å feire sine respektive 50-årsdagar. Svein Magne Gloppen (son til Maria og Kristoffer) og Kirsten Sylvi Gloppen (dotter til Marta og Reinert) inviterte dermed heile Gloppefamilien til teltfest under tuntreet – den freda eikjo i Gloppo.

Jubilantane hadde samla eigne born, sysken og syskenbarn med ektefeller – og alle onklar og tanter til eit velsmakande middagsmåltid på bakkjen under dei solide eikegreinene.

I Gloppefamilien er foreldre, onklar og tanter til 50-årsjubilantar ein særskilt førekomst. Alle er godt over 80 år, hjerneklare og spreke i kroppen. Den eldste nærmar seg 92.

Så for 50-åringane er det mange gode år å sjå fram til dersom genene er like seige i denne generasjonen.