Sundag 30. september 2012 arrangerer Fitjar Idrettslag fjelldag.

– Ta med heile familien på tur til Surefjellet, oppmodar Bente Fitjar i Fitjar Idrettslag.

Ho fortel vidare at det vert frammøte ved Øvrebygda skule, og at turmålet er Surefjellet.

– Me har spennande oppgåver undervegs for store og små. Turen er òg mogleg med barnevogn. Ta med mat (ein kan grille pølser). Laget stiller med kaffi og saft, legg ho til.