Fitjar kommune kulturkontoret arrangerer familiedag i Fitjar Kultur- og idrettsbygg søndag 25. mars.

– Med på dugnaden er Fitjar Idrettslag handballgruppa og barne- og ungdomsarbeidarlinja på Fitjar vidaregåande skule, sistnemnde syt mellom anna for stort besøk frå Disneyland. Det vert aktivitetar både ute og inne, og utstilling av teikningar frå barnehagane, opplyser kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland til fitjarposten.no.

Arrangementet opnar kl 13.00. med aktivitetar som ansiktsmaling, fiskedam, quiz ved 4H, eventyropplesing, teiknekrok, leikar og skattejakt med sjølvaste Kaptein Sabeltann.

Kl. 13.00 Origamibretting

Kl 13.30: Dokketeater i foajeen Rocketroll og Rosetroll.

Kl 14.00: Oppvisning i Idrettshallen med Fitjar Idrettslag og Fitjar Karatesenter. Etter oppvisninga kan publikum få komme og prøve dei ulike idrettstypane sjølv.

Kl 15.30: Konsert kultursalen med Skulekorpset, Juniorkorpset, Kulturskulen (konsert og dans) og Fitjar Barnegospel.

Uteaktivitetar: Hoppeslott, skateboard og ulike typar leikar. Så sant det ikkje vert utrykking vert det òg høve til å prøvesitja i politibil.

– Det vert òg sal av middag, kaker, kaffi og brus, seier Bjelland, som oppmodar folk til å ta med alle dei kjenner og bruka dagen til å kose seg i Fitjar Kultur- og idrettsbygg saman med vener og kjente denne dagen.

Bente Bjelland skulle òg gjerne ha gjeve tilbod om at dei små kan få ri på hest, men det har vore vanskeleg å få det til. Har nokon hesteeigarar høve til å hjelpa ho med dette, vil dei nok møte ei glad Bente Bjelland.