Frå Bjørg Strømme har me fått melding om at det verserer falsk epost på nettet i kveld, og ho ber Fitjarposten gjera lesarane sine merksam på dette.

Ho fortel at det har gått ut ein epost frå ein avsendar som gir seg ut for å vera Karvel Strømme. Han skal vera stranda i London, og spør om økonomisk hjelp. Denne meldinga er falsk. Folk har ringt til Karvel Strømme for å spørja kva dette er, og har fått vita at han er trygt plassert i Fitjar.

Bjørg Strømme fortel at saka er meld til politiet, som opplyser at dette er ein ny måte å svindla folk på. Nokon stel ei epostadresse for å misbruka den på denne måten.