Det var vel verdt å ta turen til sentrum i dag.

Fitjar Skulekorps var som vanleg med og laga god julestemning i ettermiddag. Dei stilte opp fleire stader i sentrum og spelte kjende og kjære julesongar. Det store fakkeltoget som gjekk fram og tilbake til sjukeheimen, fekk godt følgje av korpsmedlemmene. Nissane si utdeling av gåver til dei små, fekk me ikkje bilete av denne gongen. På parkeringsplassen heldt ordførar Wenche Tislevoll ein kort appell, der ho blant anna kommenterte dei fine tradisjonane som vert haldne i hevd første søndag i advent kvart år. Ho minna om kor viktig det er at me har tid for kvarandre og viser omtanke. Like etterpå var alle med på nedteljing før juletreet vart tent, kanskje det vakraste som har vore. Det står på plenen ved sida av Rådhuset og lyser så flott med alle dei små ljosa. Nokon vart nok litt skuffa då det ikkje vart annonsert juletregang, men på eige initiativ kom det i stand ein liten ring og lågmælt julesong lyddest i kveldsmørket. Var det Glade jul dei song?