Gårsdagens fagdag i bærdyrking samla 17 interesserte i bringebæråkeren til Jostein Prestbø.

Arrangør av gårsdagens fagsamling var Hordaland bær- og hagebrukslag. Dei har søkt om og fått støtte frå Innovasjon Norge til kursing og profesjonalisering av bærdyrkarar i Hordland fylke. Gårsdagens møte var del av eit opplæringsprosjekt som skal strekkja seg ove tre år. Hovudansvarleg for det faglege innhaldet i går var Henrik Tellevik frå Askøy. Han er bærrådgivar i Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.

Temaet for fagdagen var bringebær i tunnel, og møtet samla bærinteresserte frå Karmøy i sør, Øystese i aust og Radøy og Austrheim i nord. Halvparten av dei frammøtte har ikkje kome i gang med bringebærdyrking enno, men er i ferd med å starta opp. Den andre halvparten dyrkar bringebær på friland. Sommaren i fjor har gjort det svært aktuelt for den sistnemnde gruppa å investera i tunnelar.

I fjor var svinnet for dei som dyrka bringebær på friland 30 – 40 %, på grunn av det dårlege veret. Jostene Prestbø på si side hadde eit svinn på 0,8 % av avlinga si i plasttunnelane sine. Bærgrossistane har signalisert at dei i framtida vil setja krav til bærleverandørane sine om nytta plasstunnelar. I vårt klima er det berre på den måten dei kan sikra seg at dei får den kvaliteten dei ønskjer.

Josten Prestbø fortel at han har tenkt å tredobla bringebærarealet i år. I tillegg til dei 1600 bringebærbuskane han har frå før vil han planta ut 3000 nye, og koma opp i eit areal på 7,5 dekar. I fjor plukka han ganske nøyaktig 1000 kilo bringebær, og i år reknar han med å koma opp i ei avling på 4-5000 kilo.