I eit interkommunalt samarbeid ønskjer Sunnhordland folkehelseforum velkomen til fagdag der temaet er «Barn og unge sin medverknad i utvikling av samfunnet». Mellom anna er heile Fitjar ungdomsråd meldt på, fortel Kari Raunholm til fitjarposten.no.

Målgruppa for fagdagen er administrativ og politisk leiing i kommunane og dei som jobbar med plan- og utviklingsarbeid, saman med skuleleiing, tilsette i skulen, elev- og ungdomsrådsrepresentantar, barnerepresentantar, foreldreutval, folkehelseaktørar og andre interesserte, heiter det i eit pressenotat.

Om grunngjevinga for å innkalle til ein slik fagdag, kan me vidare lese:

Demokratiske samfunn som legg til rette for medverknad og deltaking, er kjenneteikna av høg grad av sosial tillit og sosial kapital. Eit levende demokrati med brei deltaking er eit grunnleggande samfunnsmål. Godt fungerande samfunn veks fram i samarbeid mellom myndigheiter, innbyggjarar og sivilsamfunnet. (Folkehelsemeldinga) Dette samsvarer med markeringa av grunnlovsjubileet i år. Fagdagen har elles fokus på korleis ein kan leggje til rette for at barn og unge blir aktive deltakarar i lokaldemokratiet.

Fagdagen finn stad 8. april på Stord hotell. Påmeldingsfrist er 28. mars – det er gratis å delta.

Kontaktperson i Fitjar er Kari Raunholm som er folkehelsekoordinator i Fitjar kommune. Du kan melde deg på til ho på tlf. 905 85 586 eller e-post: kara@fitjar.kommune.no.