– På grunn av utfordrande marinemarknad og låg nybyggingsaktivitet må Wärtsilä Ship Design på Fitjar redusere arbeidsstokken med rundt 30 tilsette. Når verksemda er rekonstruert vil det vere 45 tilsette att i selskapet sitt kontor på Fitjar, heiter det i ei pressemelding frå firmaet. Ilustrasjonsrender: Wärtsilä

I presssemeldinga kan me lese at Wärtsilä Ship Design i den siste perioden har opplevd ein betydelig reduksjon i investeringsaktiviteten i marknaden, spesielt innanfor offshoresegmentet.  Eit resultat av den låge oljeprisen. Som følgje av marknadssituasjonen planlegg Ship Design så å gjennomføre ei restrukturering av organisasjonen sin, og å sikre lønnsemda gjennom meir fleksibel og effektiv drift. 

Endringane er ein del av Wärtsilä-konsernet sin plan for å redusere med 600 stillinger globalt, og planane vart annonsert 17. juli i samband med publiseringa av konsernresultata for 2. kvartal 2015. 

Reduksjonen vil skje gjennom førtidspensjonering, omplassering, naturleg avgang og oppseiingar.

– Etter at restruktureringa er gjennomført, vil Wärtsilä Ship Design Norway kunne tilby kundane dei same tenestene som i dag, men med ein mer effektiv organisasjon, heiter det.

Målet er å ha den nye organisasjonen i funksjon innan 1. september.

«Som for andre operatører innenfor offshoresektoren tvinger markedssituasjonen oss til endring. Dette er en tøff beslutning for Wärtsilä, og jeg føler med de ansatte som berøres av endringene. Vi håpet at markedet skulle ta seg opp igjen på kort sikt, men vi har alle sett at dette ikke har skjedd», sier Ove Wilhelmsen, Managing Director Wärtsilä Ship Design Norway.