I 2006 opplevde Fitjar ein nedgong i folketalet på 4 personar, melder Statistisk sentralbyrå. Ved årskiftet var det 2.897 innbyggjarar i Fitjar, ein nedgong på 4 personar i forhold til same tid i fjor då folketalet var 2.901. Siste kvartalet var det derimot ein auke på 8. så det kan like godt vera den trenden trenda som held fram.

Folketalet i våre nabokommunar Stord og Bømlo auka i fjor – som Fitjar opplevde både Tysnes og Kvinnherad ein nedgong i folketalet i fjor.

Fitjar – 2.897 -4
Stord – 16.850 +168
Bømlo – 10.892 +84
Tysnes – 2.753 -42
Kvinnherad – 13.032 -39

Største auken sidan 1957
Ved siste årsskifte var 4 681 100 personar registrerte som busette i Noreg. I 2006 auka folketalet med 40 900, som er 7 000 fleire enn året før. Folketilveksten i 2006 nådde med dette 0,88 prosent, den største årlege relative veksten sidan 1957, melder Statistisk sentralbyrå.

Du finn meir befolkningsstatistikk på Statistisk sentralbyrå sine sider.

- Annonse -