Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Tolv personar miste livet i drukningsulykker i juli, viser Redningsselskapet sin drukningsstatistikk. Så langt i sommar har 27 personar omkome som følgje av drukning.

Vanlegvis er juli månaden med flest drukningsulykker i Noreg, men det er ikkje tilfelle i år. I fjor omkom 18 personar av drukning i juli månad, medan 17 personar omkom i juli 2018. Begge dei to føregåande åra var juli både varm og tørr.


– Vêret påverkar drukningsstatistikken. Dei 15 drukningsulykkene i juni fann stad i siste halvdelen av månaden, då det blei uvanleg varmt og fint vêr. Juli har derimot vore både kaldare og våtare enn normalt i Sør-Noreg, og talet på drukningar ligg under snittet for månaden, sier Tanja Krangnes, leiar for fagområdet drukning i Redningsselskapet.


– Sjølv om vi har ein nedgang i juli, er ei kvar drukningsulykke éi for mykje. Vi må sørgje for at alle som ferdast rundt vatn i Noreg, er godt førebudde. Dei må kunne passe på seg sjølve og andre, kjenne farane ved vatn og ha eit realistisk bilde av eigne ferdigheiter, seier Krangnes.


Ein gut, ti menn og ei kvinne drukna i juli

Fire av drukningsulykkene i juli skjedde etter fall frå land. Ein gut på snart to år omkom i ei fallulykke i ei elv i Geiranger. En kvinne i 50-åra blei funnen drukna i hamnebassenget i Harstad. To menn omkom i samband med elvefiske: Ein mann i 60-åra drukna i Gaula i Trøndelag, medan ein mann i 50-åra truleg er omkomen etter ein fisketur ved Divielva i Nordland.


Tre menn drukna frå fritidsbåt i juli. Ein mann i 70-åra døydde etter at båten hans kantra i eit vatn i Tokke, medan ein mann i 60-åra drukna etter å ha falle i sjøen i samband med vedlikehaldsarbeid på ein båt frå ei flytebrygge i Øygarden. I Karasjok omkom ein mann, også han i 60-åra, i samband med utsetting av ein elvebåt.


I Sortland døydde ein mann i 50-åra etter å ha falle mellom ein brønnbåt og kaia nattestid. To personar omkom i badeulykker. Ein mann i starten av 20-åra var livlaus då han blei henta opp etter å ha bada i Bjørvika i Oslo. Han døydde etter ni dagar på sjukehus. Ein mann i 70-åra drukna under bading i eit ferskvatn i Meløy.


I juli var det også to drukningsulykker i samband med dykking. Ein 30-årig mann omkom utanfor Horten, medan ein finsk mann i 60-åra drukna i Hadsel.


Tre av dei fatale drukningsulykkene i juli skjedde i Troms og Finnmark, medan Nordland og Vestfold og Telemark hadde to drukningsulykker. Ein person drukna i høvesvis Oslo, Møre og Romsdal, Vestland og Trøndelag.

Fall frå land, bading og fritidsbåt

I sommar har 11 av 27 drukningsulykkene skjedd etter fall frå land. Åtte personar har drukna under bading, og fem frå fritidsbåt.

Redningsselskapets drukningsstatistikk viser at så langt i sommar (juni og juli) har totalt 27 personar omkome som følgje av drukning. Det er det same talet som for tilsvarande periode i fjor, og fire færre drukningsdødsfall enn i tilsvarande periode i 2018.


Så langt i år har 57 personar drukna; det er to fleire enn på same tid i fjor. 51 (89 %) av dei omkomne var menn, mens seks (11 %) var kvinner. Fire av de omkomne var gutar mellom eitt og 18 år.