Færøysundbasaren er komen for å bli. Det slo Harald Johan Sandvik fast etter at ein i dag bestemte at basaren òg vil bli arrangert i slutten av juli neste år.

På mange måtar ser Færøysundbasaren ut til å utvikle seg til ein god Hatlevikbasar i miniformat. Dermed kan Fitjar skilta med to utandørs sommarbasarar. Det gler me oss over.

Godt med folk fann vegen til den gamle gjestgjevarplassen i år òg. Stemninga var strålande, og det var spennande aktivitetar for både vaksne og barn. Ei ny konkurranseform var støvelkast. Ein står då breidbeint. Så skal støvelen kastast i ein bane under beina, over ryggen og nakken og lengst mogeleg framover. Artig.

Bortsett i frå at det ikkje var nokre musikkinnslag, var det meste elles ganske likt Hatlevikbasaren: Åresal og auksjon. Og gratis mat og kaffi til alle.

Folk baud òg svært villig. Ei flaske saft gjekk til dømes for kroner 300. Så går òg pengane til eit spennande jordbruks- / hjelp til sjølvhjelp-prosjekt i Kamerun. (Sjå faktaruta).

Harald Johan Sandvik oppmuntra òg i den første delen av programmet, som han leia, til gjevarglede. – Det er ikkje for mykje om me deler av goda våre. Hadde alle levd etter «den gyldne regelen», ville nok verda sett annleis ut, sa han.

Søskenbarnet hans, John Villy Sandvik, leia elles både basaren og auksjonen på ein svært triveleg måte, slik at denne nydelege dagen vart krydra med ditto latter og herlege, spontane sommarsmil.