Like så sikkert som at Hatlevikbasaren finn stad første laurdagen i juli er det at Færøysundsbasaren vert arrangert den siste laurdagen i same månaden. Nytt av året er kunstauksjon. Arkivfoto: FP/HCH

– Under denne auksjonen er det kunst frå dei lokale kunstnarane Bjørg Strømme, Ragnhild Midtsæter, Leif Kåre Helland, John Arvid Skumsnes og Leif Hedman som vil gå «under hammaren». I tillegg vert det auksjonert bort kunst frå tyske Christiane Hurny og ein del bilete av kamerunske kunstnarar, fortel Harald Johan Sandvik til fitjarposten.no.

Under dette tradisjonsrike utearrangementet vert det elles åresal, hovudtrekking og hagekos. Grillmat til å grille på plassen må du ta med sjølv, men du får bollar og kaffi.

Inntekta frå basaren går til landbruksprosjekt i Kamerun.