Kyrre Vikanes Johannessen som rektor Leif Helge Engelsen og Frida Hatlevik Kjerland som psykologilærar Hilde Førre. Foto: Kjetil Rydland.

I dag viser årets russ på Fitjar revy i Kultursalen, og dei som vil sjå Frida Hatlevik Kjerland i rolla som Hilde Førre har sjansen i ettermiddag.

Under skuleframsyninga i føremiddag fekk me prov på at det kan vera lurt å få med seg årets russerevy på Fitjar. Det er berre 27 russ totalt på Fitjar i år, men dei har gjort ein grundig jobb med å førebu revyen Realiteten.

Flott dette, seier Stord-russen Damian Marszałek. T.h. Stina Vik. Foto: Kjetil Rydland.

Det gav som resultat ei framsyning på rundt ein time med gode dansenummer og ein del gode parodiar. Sjølvsagt høver dette best for dei innvigde, som kjenner lærarane på skulen, og kvardagen til elevane.

Men russepresident Lena Folkedal, revysjef Matilde Jordåen Molvik og dei andre elevane skal ha ros for god regi og god disksjon i nesten alle nummera. Gode råd frå lærar Sissel Jørgensen og innleigd lyd frå Lyd- og Lysutleie Bergen hjelper sjølvsagt på i så måte.

Sex og banning er sjeldan mangelvare i slike framsyningar, men det var eitt og anna gullkorn frå parodiane innimellom, og dei er vel verd å få med seg. Derfor foreslår me at du tar turen til Kultursalen i ettermiddag og lar deg underhalda av hardtarbeidande russ!

Høyr avslutningssongen her.