Fjellheim Friluftsbarnehage var på overnattingstur i Etnefjellet 16.-17.juni.

Torsdag 16. juni la tolv spreke 5-åringar og tre vaksne i veg til Etne, med ferdigpakka sekkar i tre bilar. Det viste seg at pakke-lista som var levert ut til foreldre, i god tid før turen, var litt lang. Så framme på parkeringsplassen på Skarstøl /Kritlelia vart alle sekkane pakka om slik at barna fekk minst muleg å bera på. Ungane hadde med sovepose/lakenpose og byteklær, drikke og ei niste.

I ompakkinga vart det oppdaga at det var manko på eit regnsett og ei regnjakke. Barneflokken og to vaksne byrja å gå mot hytta medan ein vaksen sette kursen mot Etne for å kjøpa regnklede. To regnsett vart handla inn frå den lokale sportsbutikken, til særdeles god pris (grunna situasjonen).

Turen innover fjellet var flott. Fint vêr, godt humør og ivrige små barn. Det var ein roleg tur med mange pausar. For denne gruppa tok turen tre timar. Elles er han sett opp som ein lett tur på 1,5 til 2 timar.

Det er to hytter ved Løkjelsvatnet, begge tilhøyrer Haugesund turistforening. Den nyaste og største hytta har 16 sengeplassar, og to unge menn som alt hadde installert seg der, tilbaud seg å  flytta over i den minste hytta for at me skulle få betre plass.

Pølse og brød smaka godt, og stor var fasinasjonen over utedoen, over at det ikkje var strøm på hytta, og over å måtta henta drikkevatn i Løkjelsvatnet.(Vatnet måtte for øvrig kokast pga. lemenpest)

Etter ein liten kveldstur, toalettbesøk og tannbørsting var det stor stas å leggje seg. Det tok tid å få ro i hytta. Utrulig nok så kribla det framleis godt i kroppane til barna, sjølv etter ein så lang tur.

Om lag kl 22.30 blei det stille i hytta.

Neste dag regna det og bles, og det var bra å ha tette og gode regnklede til alle små og store. Etter frukost var det pakking og vasking av hytta før turen gjekk attende til bilane.

Mange var trøtte men likevel med friskt mot, blide og glade. Ein fantastisk sprek og positiv gjeng som imponerte stort! Ei god kjensle av meistring å greia å gå så langt med eigen sekk, greia å sova langt inne i fjellet borte frå far og mor. Eit privilegium å få dela ein slik tur med desse barna som skal slutte i barnehagen etter så mange år.

Alle som ein sov det meste av køyreturen attende til Fitjar.