Nesten 60 Fitjar-elevar i 1. og 2. klasse fekk seg ei triveleg stund på bilbiloteket fredag føremiddag.

Bibliotekar Silje Vågen tok imot og gav ei kort innføring i rutinar for å låna bøker, før ho gav ordet til dagens hovudattraksjon. Nina Sele er frilansskodespelar, og reiser mykje rundt på slike oppdrag. Noko ho liker svært godt, seier ho. Og det viste godt på henne; ho viste seg som ein svært engasjert forteljar.

Tre kjende eventyr frå Asbjørnsen og Moe fekk elevane høyra, og det lét til at dei følgde godt med. Oskeladden og dei gode hjelparane er eit langt eventyr, men elevane såg ut til å la seg riva med av den svært livlege forteljaren. Det såg ikkje ut som om dei var metta då det var ferdig, for også eventyret om pannekaka såg ut til å «gå heim» hos ungane.  Eventyret om dei tre bukkane Bruse blei dramatisert med 15 elevar framme på scenen. Også dette til stor glede for store og små.

Nina Sele seier dette er ein type oppdrag ho som frilansar set stor pris på. Til dagleg driv ho forteljarteateret Scenekraft i Haugesund, saman med fire skodespelarkollegaer. I morgon går turen til Åkrafjorden med framsyninga om forretningsmannen og jøden Rabinowitz. Garden Eintveit var ein av dei siste gøymestadene til Rabinowitz før han blei teken av Gestapo og ført til Sachsenhausen.