På Sæterbø møtte med denne unge familien. Siri og Ørnulf fekk ha bakkane i fred med ungane sine. Foto: Kjetil Rydland.

I dag har me hatt den finaste skidagen i manns minne i Fitjar, og det har vore reine valfarten frå Dalshaugane og rundt Melen.

Å velja tid og stad er viktig; Fitjarposten sin vakthavande bomma på begge delar i helga. Etter gårsdagens tur i liten kuling og laussnø, stod ikkje skitur på programmet i dag. No er det berre å gremma seg, og misunna dei som kom seg ut i dag, den flottaste skisøndagen i manns minne.

Og dei var ikkje få. På Dalshaugane blei parkeringsplassen tidleg full i føremiddag, og mange måtte parkera i vegkanten. I ettermiddag møtte me mange blide andlet på veg ned frå fjellet. Blant desse var Erik Lied frå Rubbestadneset, som hadde vore oppe og sett om hytta i Kongsskogen. Han har aldri sett så mykje folk der oppe. Medan han sat utanfor hytta og kosa seg i godvêret, passerte sikkert hundre skiløparar på veg rundt Melen, fortel han. Så i dag var det kø på Klovskarvatnet. Det har nok aldri skjedd før, og kjem neppe til å skje igjen…

På Sæterbø møtte med denne unge familien. Siri og Ørnulf fekk ha bakkane i fred med ungane sine. Foto: Kjetil Rydland.