TV 2 synte oss diverre  at X Factor-eventyret tok slutt for Lars Jakob Eide Helland i kveld. -Altfor fort, seier me etter å ha hørt hans første audition.

På Boot Camp i Oslo stilte 100, men 30 gjekk ut før Lars Jakob, så han kom mellom dei 70 beste av rundt 8000. All grunn til å både gratulera og vera stolte!

På den første audition-en fekk han ja av alle dei tre dommarane. Han fekk skryt både for stemma si og sjarmen, og Karlsen karakteriserte framføringa hans som lovande.

På framføringa han gjorde før han gjekk ut, fekk han òg skryt for songen, men fekk vita at framføringa vart litt for kjedeleg.

-Eg valde kanskje ein litt for roleg låt, seier Lars Jakob til fitjarposten.no., og legg til:

 -No veit eg meir om kva det heile går ut på, så det er ikkje utruleg at eg prøve meg på noko slikt ein annan gong òg.

Sjå Lars Jakob Helland sin første audition her.