– Det er slått fast at Stord, Fitjar og Bømlo skal i framtida til Politidistrikt Vest med hovudkontor i Bergen. No slår kommunalkomiteen fast at dersom det blir ny kommunestruktur i Sunnhordland med kommunar frå to distrikt, skal flyttinga skje raskare, fortel stortingsrepresentant og leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen, Helge Andre Njåstad, til fitjarposten.no.

Det kan han seie i det kommunalkomiteen i dag har avgitt innstilling om kommuneproposisjonen for 2016, og i samband med dette har dei teke opp problemstillinga som har oppstått i Sunnhordland med politireforma, der tre kommunar skal til Vest (Bergen) når Hordfast er ferdig.

– Sidan det pågår samtalar om kommunestruktur der kommunar på begge sider av politidistriktsgrensene, har kommunalkomiteen presisert at ved fastsetting av ny kommunestruktur skal kommunane då flytte til Bergen slik at ikkje ein ny kommune tilhøyrer to politidistrikt.

 

Kommunalkomiteen hadde følgjande merknader til dette:

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, har merka seg at forliket om politireformen legg opp til tett samarbeid mellom politi og kommunane, og at politimeistarane skal ha kommunane med på råd i diskusjon om tenestestader.

Fleirtalet har òg merka seg at regjeringa legg til grunn at kommunesamanslåingar skal kunne skje på tvers av politidistriktgrenser, og at desse i dei høva vil ein tilpasse seg slik at nye kommunar etter kommunereformen tilhøyrar eitt distrikt.

Fleirtalet viser til at regjeringa omtaler forholdet til politireforma der distriktsgrenser i nokon tilfelle går på tvers av kommunar som diskuterer samanslåing.

Fleirtalet er positiv til at regjeringa legg til grunn at nye samanslåtte kommunar skal tilhøyre eitt politidistrikt. Fleirtalet ber regjeringa i slike saker finne gode praktiske løysingar der politidistriktstilhøyrigheita som den nye kommunen føretrekkjer skal vera utgangspunktet.

Fleirtalet viser til at ved handsaminga om politireforma står dette:

«Det foreslåtte Rogaland politidistrikt endrer navn til Sør-Vest politidistrikt. Kommunene Bømlo, Fitjar og Stord legges til Sør-Vest politidistrikt. Disse kommunene legges til Vest politidistrikt når forventede transportløsninger (som Hordfast) er på plass. Dersom bygging av forventede transportløsninger ikke er startet innen 2023, skal Bømlo, Fitjar og Stord likevel vurderes lagt til politidistrikt Vest.» 

Fleirtalet kjenner til at det er samtaler om kommunereform i Sunnhordland der kommunar på begge sider av politidistriktsgrensene inngår i samtalene. Fleirtalet legg til grunn at om desse samtalene ender opp i kommunesammenslåing, vil flyttinga av kommunar frå distrikt Sør-Vest til Vest skje samtidig som ny kommunestruktur er fastlagt. 

 

 

mvh

 

 

 

 

Helge André Njåstad

 

Fremskrittspartiet