Fredag og laurdag vitjar Granlien Evangeliesenter Fitjar. Teamet består av bebuarar og arbeidarar, og det vert møte laurdag og søndag kveld på Fitjartun.

Dei fleste vil nok vite at det var Lise og Ludvig Karlsen som i 1983 starta opp Evangeliesentra som gjennom åra har hatt svært gode resultat i rusarbeidet. Under samlingane på Fitjar vil bestyrarparet ved Granlien, som ligg ved Mjøsa, leia møta.

Det vert òg mange vitnemål frå folk som har fått eit forvandla liv i møte med Jesus.