Fleire betongelement har falle ned over to flasker med svært eksplosiv gass på Melkøya. Ingen personar skal vera komne  til skade, men store delar av området blei evakuert. I alt rundt 1600 arbeidarar blei evakuerte frå området.

Grunnen til evakueringa er at ein ikkje veit om gassflaskene lek gass etter at dei er trufne av betongelementa.

– Samtidig ble det etablert en sikkerhetssone i en avstand av to kilometer fra gassbeholderne. Vi har ikke sikret gassbeholderne, men arbeidet med dette pågår, opplyser Aftenposten.no som òg kan fortelje at politi- og brannvesen kom raskt til stades etter at gassalarmen gjekk, og at acetylengass er svært brennbar, fargelaus, lettare enn luft – og farleg å få i seg.

Les meir på www.aftenposten.no