Ønskjer du å utvikla ein forretningsidè og mobilisera til større aktivitet som fremmar trivsel og bulyst i Fitjarbygda, har du no ein sjanse til å få god hjelp til det gjennom prosjektet LivOGLyst 2009.

LivOGLyst er eit lokalsamfunns- og bygdeutviklingsprogram, drive i tett samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordland si landbruksavdeling og Innovasjon Noreg. Prosjektet skal vera tufta på eit samarbeid mellom fleire aktørar og går ut på å:

• Søkja om tildeling av utviklingsmidlar
• Inngå i eit nettverk der du kan utvikle kunnskap og erfaringar og delta på felles kompetansegjevande kurs og samlingar
• Få oppfølging frå ei operativ arbeidsgruppe
• Tilgong på skreddarsydde kompetansetiltak der ekspertise vert stilt til rådvelde for prosjekta over ein periode på 2 dagar, med føremål i eigne utviklingsplanar.

Det hastar å melda si interesse for fristen til å søkja om å koma med på prosjektet er allereie 16. februar. Høyrest dette ut til å vera noko for deg – ver gild å ta kontakt med SNU v/Anita Melingen, tlf 53 40 15 50 el e-post anita.melingen@snu.as

For meir info om livOGlyst les her : http://www.hordaland.no/templates/Page.aspx?id=8839

Fitjar kommune