Bilete for illustrasjon. Osternes Festning. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Meining: – Utkastet til Kommunalplan-Samfunnsdel for 2020-2040 beskriv etter mi meining, ein vidare stagnasjon av området Osternes.

Av: Arne K. Gloppen

Det skjer mykje i kommunen og det er mange gründere og innovatørar som får ting gjort på mange områder og det er viktig at kommunale planar gjer arbeidet deira enkelt og samordna for utviklinga av kommunen. 

Utviklinga i Fitjar kommune siste åra, synes eg har generelt vore svært positiv. Det er stor aktivitet og mange flinke folk, som står på, noko som inspirerer! Eg er særleg spent på reguleringsplanen for sentrum og kystlina frå Hegraneset, gjennom sentrum og utover mot FMV. Her ligg mange mogelegheiter. Sentrum inn mot «land» er oppgradert og no ligg det opent for ei utvikling av kystlina i sentrum. 

Eg synes likevel å merke at utviklinga av Fitjar (sentrumsnære delar) har blitt litt «ubalansert». Utviklinga har gått vest- og sørover og lite nordover og austover. 

Utviklinga i Fitjar kommune har dei seinare åra vore svært tydelig frå sentrum (inkludert Rossneset) og utover mot Vestbøstad/Kalveid og vidare mot Kråko (eigentleg svært bra), mens lite har skjedd mot Årskog/Landa og Osterneset/Stranda. Her har «verden» nesten stått stille og lite eller ingenting har skjedd, utanom en viss utvikling knyta til industriområdet i Årskog. Det ligg ein mogelegheit i ny Kommuneplan til å leggja meir til rette for slik utvikling.

Ikkje eigna som LNF-område

Området frå Årskog til Gloppevågen, er knyta til småbruk på Landa og er for meg i ei særstilling for utvikling i planperioden. Området, som ikkje ligg altfor lang frå sentrum og etterkvart består av mindre og mindre dyrka mark og mykje utmark, med grense ned mot sjøen, står derfor fram som eit naturleg og svært fint utbyggingsområde for vidare utvikling av Fitjar kommune.  Eg er deleigar i området og ser betydelege mogeligheiter her, om reguleringsplan og andre planar kan opne for det, sjølvsagt i kombinasjon med eksisterande interesser.

Området knyta til Landa, som ligg på nedsida av riksvegen, er i dag i all hovudsak eit område beståande av noko skog og litt dyrka mark men er mest å rekne for eit utmarksområde. På oppsida av riksvegen ligg fleire, litt større dyrka områder, men med ulike utmarksområder i mellom. Felles for området er at det veks til og vert meir og meir utilgjengeleg.

Samla sett meiner eg dette området ikkje er særlig eigna som LNF-området og bør omregulerast slik at dette området kan utnyttast til andre formål, som for eksempel bustad og hytteformål og på sikt kunne bidra til ein meir balansert utvikling av Fitjar kommune enn det me ser i dag. 

Småbruka på Landa, er ikkje liv laga, som einaste inntektskjelde for eigarane og at ein i framtida må tenkja nytt og gje eigarar mogelegheit til annan utnytting av arealet dei set på. 

Stagnasjon

Utkastet til Kommunalplan-Samfunnsdel for 2020-2040 beskriv etter mi meining, ein vidare stagnasjon av området Osternes, slik det er forma på side 11. Hovudnæringa er, etter mi meining, ikkje jordbruk i Osternes og at tilrettelegging av småbåtaktivitet åleine kan realiserast som ny næring, synes litt konstruert. Dei aller fleste eigarar driv eigendommane sine som tillegg (eller berre held dei i hevd) til annan inntekt og småbåtaktiviteten bør også sjåast i samanheng med anna utvikling, som til dømes bustad, hytte- og naustbygging. 

Eigarar av småbruk i Osterneset/Landa bør få høve til å utvikle sine eigendomar i større grad enn dei får høve til i dag.  I Samfunnsdelen for Stranda(Hageberg) er det tatt inn følgande tekst; «Her er behov for tilrettelagde områder for bustad og hyttebygging med tilgang til naust og båtplassar.» Denne teksten bør i all hovudsak også stått under kapittel for Osterneset på side 11.

Området på Landa er i dag, i all hovudsak LNR-regulert (muligens andre bandleggingar – har ikkje full oversikt), men tenkjer at for eksempel ein LNR-regulering er ein litt «gammal» regulering for dette område, då dette er områder som i dag, i svært liten grad lar seg utnytte til formålet og er i beste fall ei attåtnæring og for dei fleste ei «passiv drift» som eigentleg tyder stagnasjon av området. 

Om mogeleg bør det vurderast i Samfunnsdelen for Osternes sin del på side 11, å skilja mellom Landa og resten av Osterneset, då det er eit skilja reint geografisk og topografisk, men også at Landa i større grad enn resten av Osterneset bør sjåast i samband med utbygging av Fitjar sentrum nordover og i samband med utvikling av industriområdet i Årskog.  Særleg er det viktig at utvikling av industriområdet og utvikling av området Årskog/Landa går hand i hand for å førebygge interessekonfliktar. 

Nytt framlegg

Eg foreslår fylgjande tekst inn i Kommuneplan – Samfunnsdel for 2020-2040 for Osterneset s. 11

Her er behov for ytterligare utvikling, herunder mogelegheiter for bustad- og hyttebygging, gjerne med tilgang til naust og/eller båtplassar.» (som på Standa/Hageberg)

Alternativt tillegg:

Det vil i planperioden, bli gitt høve til å planlegge og gjennomføre utvikling av områder knyta til gardsbruka på Landa, herunder både bustad- og hyttebygging. Dette må sjåast i samband med utvikling av Fitjar sentrum mot nord og utvikling av industriområdet i Årskog. Aktuelle områder må eventuelt konkretiserast i forbindelse med arbeidet med Kommuneplanen sin arealdel.

Dette leserbrevet er sendt inn som høyringssvar under høyringsrunden av Fitjar sin nye Kommuneplanen sin samfunnsdel for 2020-2040. Høyringsfristen går ut i morgon 20.08.