Miljøgata i Fitjar sentrum vart opna i desember 2019, men enno er lysa feil, BlomsterMalvins plass er ikkje sett opp att og fartsdumpen ved bedehuset må justerast. No etterlyser kommunen svar.

Seinast i februar stilte både politikarane og innbyggjarane i Fitjar spørsmål om når miljøgata skulle ferdigstillast. No etterlyser Fitjar kommune nok ein gong svar frå Vestland Fylkeskommune om når ferdigstillinga skal finna stad.

– Fitjar kommune har muntleg tatt opp nokre viktige tiltak som må rettast før miljøgateprosjektet er ferdig, og har fått stadfesta at dette skal skje. No etterlyser vi tidspunkt for ferdigstilling for følgjande tiltak: Korrekt lysbruk i miljøgata, BlomsterMalvins plass som skal reetablerast, Fundament for Skyss sine informasjonstavler i kollektivknutepunktet, og høgda på fartsdump ved bedehuset som treng justering.

I brevet til fylkeskommunen signert rådmann Olaug Haugen og teknisk sjef Randi Karin Habbestad, etterlyser dei ogso sluttdokumentasjon frå prosjektet.