Tjuveria og hærverket i Fitjar natt til tysdag vert fortsett etterforska. Det seier lensmann i Stord lensmannsdistrikt Odd Harald Hovland til fitjarposten.no.

Det vart stole bensin i ein privat garasje, ei campingvogn fekk vindauge knust, og ho vart i tillegg tilgrisa. Eit busskur vart òg herja med.

Sidan dette skjedde midt i veka, har ikkje lensmannen heilt tru på at det er lokale folk som har gjort dette. Då har han meir tru på at det kan vera ein gjeng, eller nokre «lause fuglar» som har teke seg til rette på denne måten.

Etterforskninga held uansett fram for å prøva å finna ut kven som verkeleg har stått bak hendingane, og lensmannen er interessert i tips frå folk som har sett eller høyrt noko som kan knytast til saka. Ein kan då ringja Fitjar lensmannskontor: 53 45 89 00 eller Stord lensmannskontor: 53 40 28 00