Etter hausten kjem vinteren….med glatte vegar.. Me i Øvrebygda venter framleis på at vegen ved Tislavoll skal verta tryggare. På staden på bileta er det ei heilt usikra ur med store steinar på ei smal strekning.

Me vil anslå at ein stad mellom 500 og 1000 bilar køyrer der i døgnet. På ein roleg søndag passerte 24 bilar staden i løpet av 35 minuttar i 2-tida.. På ein vanleg dag er trafikken langt større.

Her er og syklistar og skuleborn som ferdast.  Skulebuss og andre store bilar, unge og eldre.

Alle må forbi denne farlege vegstrekninga.

Både FAU ved Øvrebygda skule og private har kontakta Statens vegvesen.

I november 2005 fekk underteikna svar frå Statens vegvesen om at dei håpa på å gjera noko med vegen i 2006.

Hausten 2006 fekk med dette svaret frå Statens vegvesen:

”Det er i det området der me skal gjera tiltak i lag med Fitjar kommune. Deler av arbeidet vil verta utført i haust og resten med m.a. rekkverk til vinteren”.

No er det hausten 2007 og hausten går snart mot vinter.

Er det ikkje snart på tide at noko vert gjort, og er det nokon som veit kvifor me framleis ventar?