Under arrangementet til støtte for forfølgde kristne på Stord i går kveld, der òg mange fitjarbuar tok del, heldt Rune Larsen appell med utgangspunkt i popmelodien «Sound of silence».

– Er det ikkje akkurat det millionar av kristne menneske i verda i dag høyrer? Eit stille skrik? Lyden av stille må vere den verste lyden i verda når ho kjem som svar på eit skrik om hjelp, sa den kjende artisten og synte vidare til fælslege fakta om kristenforfølging i dag.

«De siste månedene er det blitt avdekket en brutalitet nesten uten sidestykke i menneskehetens historie. Offentlig halshugging, henging og korsfestelser, henrettelser av menn og voldtekt av kvinner, bare fordi de er kristne. De skriker om hjelp, og vi svarer med et skrik av stillhet. Sound of Silence.

Et skrik om hjelp
Rune Larsen viste vidare til eit brev frå leiarane av den evangeliske og protestantiske kyrkja i Syria og Libanon, signert av 30 ulike organisasjonar, kyrkjer og institusjonar i dei to landa. Hovudinnhaldet i dette brevet er: «De må handle på våre vegner no, elles vert me utsletta». 

Alvoret i dette forstår me når me veit at det eksempelvis var 1,5 millionar kristne i Irak for 10 år sidan, medan det i dag er knapt 300 000, og at dei i dessa dagar flyktar for å berge livet. I alt er det forfølging i over 60 land i dag. 

Felles kamp
Samstundes synte Rune Larsen til at det ikkje berre er kristne som kjempar mot slik forfølging. Han synte til at fleire muslimar i Norge offentleg har teke avstand frå dette, og sa:

«I denne kampen står vi sammen: Ateister, muslimer, hinduer, buddhister og kristne. Og vi skal ikke går i fellen som deler folk inn i venner og fiender. Vår Herre og Mester sa en gang: «Dere har hørt det er sagt. Du skal elske din neste og hate din fiende. Men jeg sier dere: Elsk deres fiende! … Han sa også: «Det du har gjort mot en av mine minste brødre, det har du gjort mot meg».

Rune Larsen i fakkeltoget. Mobilfoto: Håkon C. Hartvedt

Fakkel 1

Frå torget under appellen. Mobilfoto: Håkon C. Hartvedt

Flott stund i kyrkja
Arrangementet var eit tverrkyrkjeleg arrangement med samling i kyrkja etter fakkeltoget som talde fleire hundre. Etter kvart fylte dei og andre Stord kyrkje. Her tente folk frå forskjellige kyrkjelydar på Stord, lys for forfølgde kristne i forskjellige land.

Koret Ichtys framførte fleire songar til komp frå Terje Kleppe. Aldeles nydeleg. Og gospelavdelinga ved Rune Larsen var både herleg og nostalgisk. Tilhøyrarane fekk òg med seg ein sterk appell ved prost Svein Arne Theodorsen.

Det heile vart flott leia av ein av initiativtakarene, Jens Thoresen, frå Kristkyrkja.

Fakkel 3

Nokre av bannerane utanfor kyrkja. Mobilfoto: Håkon C. Hartvedt