Statsminister Erna Solberg kjem til Fitjar i samband med gullfesten for Mariann Vestbøstad Marthinsen 1. mai.

Som fleire aviser allereie har skrive, vil det bli skipa til gullfest for Mariann Vestbøstad Marthinsen. Fitjar kommune, Fitjar Idrettslag, Fitjarposten og Sparebanken Vest har gått saman for å få til dette, og fitjarposten.no kan i dag opplyse at gullfesten vil finne stad 1. mai i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Som ein ekstra spiss på det heile, vil statsminister Erna Solberg kaste glans over festen, både ved å vere til stades, og ved å kome med ei helsing til Mariann.

Ordføraren ordna avtalen

Det er fitjarordførar og høgrepolitikar Wenche Tislevoll som har fått til denne eineståande avtalen med statsministeren.

– Eg sende førespurnad, og fekk nokså umiddelbart og gledeleg, positivt svar. Erna Solberg var jo kjapt ute med å gratulere Mariann V. Marthinsen etter at ho tok gull på sprinten i Sotsji, og sidan fitjarbuen var den einaste av dei norske deltakarane som tok gull i Paralympics, syntest ho det er kjekt å få heidre Mariann ekstra på denne måten, seier Tislevoll.

Sidan statsministeren skal delta på eit 1. mai-arrangement i Bergen på føremiddagen, passa det òg godt for ho å ta turen til Fitjar på kveldstid.

Fitjarposten vil sjølvsagt følgje opp saka og kome med fleire detaljar om arrangementet, etter kvart.